Titus 2:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Men du skal forkynna i samsvar med den sunne læra

2. at eldre menn skal vera edruelege, fara verdig og forstandig fram og vera sunne i både trua, kjærleiken og tolmodet.

3. Like eins at eldre kvinner skal leva som det sømer seg for heilage: at dei ikkje skal fara med sladder eller vera avhengige av mykje vin, men vera rettleiarar i det gode,

4. så dei kan læra dei unge kvinnene å elska mann og born,

5. leva sømeleg og reint, ta ansvar for heimen og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal bli spotta.

6. På same måten skal du formana dei unge mennene til å vera stødige

Titus 2