Titus 2:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Men du skal forkynna i samsvar med den sunne læra

2. at eldre menn skal vera edruelege, fara verdig og forstandig fram og vera sunne i både trua, kjærleiken og tolmodet.

3. Like eins at eldre kvinner skal leva som det sømer seg for heilage: at dei ikkje skal fara med sladder eller vera avhengige av mykje vin, men vera rettleiarar i det gode,

4. så dei kan læra dei unge kvinnene å elska mann og born,

5. leva sømeleg og reint, ta ansvar for heimen og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal bli spotta.

Titus 2