Salmane 95:6-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Kom, lat oss knela og kasta oss ned,bøya kne for Herren, vår skapar!

7. For han er vår Gud,vi er folket han gjeter,flokken i hans hand.Ville de berre høyra hans røyst i dag!

8. Gjer ikkje hjartet hardt som ved Meriba,som den dagen ved Massa i ørkenen,

9. då fedrane dykkar utfordra megog sette meg på prøve,endå dei såg kva eg gjorde!

10. I førti år hadde eg avsky for denne slekta.Eg sa: Dei er eit folk som fer vill i sitt hjarte,dei kjenner ikkje mine vegar.

11. Så svor eg i min vreide:Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

Salmane 95