Salmane 89:3-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Eg seier: Miskunn blir bygd for evig,din truskap er grunnfest i himmelen.

4. «Eg gjorde ei pakt med min utvalde,svor ein eid til David, min tenar:

5. Eg grunnfester di ætt til evig tid;eg vil byggja di trone frå slekt til slekt.» Sela

6. Himmelen prisar dine under, Herre,forsamlinga av dei heilage prisar din truskap.

7. For kven i skyene er Herrens like,kven mellom gudesøner er som Herren,

8. ein stor og skremmande Gud i rådet av dei heilage,meir verd å frykta enn alle som omgjev han?

9. Kven er som du, Gud Herre Sebaot?Mektig er du, Herre, omgjeven av din truskap.

Salmane 89