9. Ein vinstokk tok du frå Egypt,du dreiv folkeslag ut og planta han.
10. Du rydda plass for hanså han slo rot og fylte landet.
11. Fjell vart dekte av skuggen,mektige sedrar av greinene.
12. Han strekte rankene ut til havetog renningane til Storelva.
13. Kvifor har du rive ned gjerdet rundt hanså alle som går framom, kan plukka,
14. villsvin frå skogen kan gnagaog krypet på marka kan eta?
15. Vend attende, Gud Sebaot,skoda ned frå himmelen og sjå!Ta deg av denne vinstokken,
16. det du har planta med di høgre hand,sonen som du sjølv har gjeve styrke!
17. Treet er brent opp i elden, hogge av.Dei skal gå til grunne når du trugar.