5. Dei lid ikkje som andre menneske,dei blir ikkje plaga som andre folk.
6. Difor er hovmod deira halskjede,dei er kledde i ei drakt av vald.
7. Synda deira kjem av velstand,hjartans tankar fløymer over.
8. Dei spottar, dei talar i vondskap,ovanfrå trugar dei med vald.
9. Dei lyfter munnen mot himmelen,og tunga fer omkring på jorda.
10. Difor vender folk seg til deiog syg i seg deira ord.
11. Dei seier: «Korleis skulle Gud vita om det?Har Den høgste kjennskap til noko?»