Salmane 53:4-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Alle har trekt seg unna,alle som ein er forderva.Det finst ingen som gjer det gode,ikkje ein einaste.

5. Skjønar dei då ingen ting,dei som gjer urett?Dei et opp folket mitt som om dei et brød,og kallar ikkje på Gud.

6. Då skal dei råkast av redsle,dei som aldri var redde.For Gud skal strø ut beinaav dei som slår leir mot deg.Dei blir til skamme,for Gud har vraka dei.

7. Måtte frelse koma til Israel frå Sion!Når Gud vender lagnaden for sitt folk,skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

Salmane 53