1. Til korleiaren. Etter «Mahalat». Ein læresalme. Av David.
2. Dårane seier i hjartet: «Det finst ingen Gud.»Vond og avskyeleg er deira urett,det finst ingen som gjer det gode.
3. Frå himmelen ser Gud ned til menneskafor å sjå om det finst nokon som er vis,nokon som søkjer Gud.
4. Alle har trekt seg unna,alle som ein er forderva.Det finst ingen som gjer det gode,ikkje ein einaste.
5. Skjønar dei då ingen ting,dei som gjer urett?Dei et opp folket mitt som om dei et brød,og kallar ikkje på Gud.