7. Ver still for Herren og vent på han!Harmast ikkje over den som lukkast med sin veg,den som set i verk vonde planar!He ה
8. Gjev slepp på vreiden, lat harmen liggja!Bli ikkje arg, det fører til det vonde.
9. For valdsmenn skal ryddast ut,men dei som ventar på Herren, skal arva landet.Waw ו
10. Om ei lita stund er den lovlause borte.Ser du etter han der han var, er han ikkje der.
11. Men dei hjelpelause skal arva landetog gleda seg over varig fred.Zajin ז
12. Den urettferdige legg vonde planar mot den rettferdigeog skjer tenner mot han.
13. Herren ler av han,for han ser at hans dag skal koma.Het ח
14. Dei lovlause dreg sverdet og spenner bogen.Dei vil fella den hjelpelause og fattige,slakta ned den som går på rett veg.