Salmane 37:5-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Legg din veg i Herrens hand!Set di lit til han, så grip han inn.

6. Han lèt di rettferd stiga opp som lyset,din rett som høglys dag.Dalet ד

7. Ver still for Herren og vent på han!Harmast ikkje over den som lukkast med sin veg,den som set i verk vonde planar!He ה

8. Gjev slepp på vreiden, lat harmen liggja!Bli ikkje arg, det fører til det vonde.

9. For valdsmenn skal ryddast ut,men dei som ventar på Herren, skal arva landet.Waw ו

10. Om ei lita stund er den lovlause borte.Ser du etter han der han var, er han ikkje der.

11. Men dei hjelpelause skal arva landetog gleda seg over varig fred.Zajin ז

12. Den urettferdige legg vonde planar mot den rettferdigeog skjer tenner mot han.

13. Herren ler av han,for han ser at hans dag skal koma.Het ח

Salmane 37