1. Av David. Herre, strid mot dei som strider mot meg.Kjemp mot dei som kjempar mot meg!
2. Grip rundskjold og langskjold,reis deg og hjelp meg!
3. Ta spyd og stridsøks frammot dei som jagar meg.Sei til meg: «Eg er di frelse!»
4. Lat dei som står meg etter livet,bli til spott og skam.Lat dei som tenkjer ut vondt imot meg,dra seg attende med skam!
5. Gjev dei må bli som agner for vindennår Herrens engel støyter dei bort.
6. Gjev deira veg blir mørk og glattnår Herrens engel jagar dei.