3. Riv meg ikkje bort med dei skuldige,med dei som gjer urett.Dei talar venleg med sin neste,men har vondskap i hjartet.
4. Gjev dei att for det dei har gjort,for deira vonde handlingar!Gjev dei att for det hendene deira har gjort!Lat dei få det dei fortener!
5. For dei kjenner ikkje Herrens gjerningar,det han gjer med sine hender.Han skal riva dei nedog ikkje byggja dei opp att!
6. Velsigna er Herren,for han høyrer mi bøn!
7. Herren er mitt vern og mitt skjold,mitt hjarte sette si lit til han, og eg fekk hjelp.Hjartet jubla, med song vil eg prisa han.