Salmane 145:3-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Stor er Herren og verdig lov og pris,stordomen hans kan ingen granska.Dalet ד

4. Slekt etter slekt prisar dine gjerningarog fortel om dine storverk.He ה

5. Eg grundar på din høge herlegdom og di æreog på dine underfulle ord.Waw ו

6. Dei talar om dine sterke og skremmande gjerningar,eg fortel om dine storverk.Zajin ז

7. Dei lèt gjetordet gå om alt det gode du gjer,og jublar over di rettferd.Het ח

8. Herren er nådig og mild,sein til vreide og rik på miskunn.Tet ט

Salmane 145