1. Ein salme av David. Herre, eg ropar til deg. Skund deg til meg!Lytt når eg ropar!
2. Lat mi bøn vera røykjelse for deg,mine opplyfte hender eit kveldsoffer.
3. Herre, set vakt for min munn,vern mine leppers dør!
4. Bøy ikkje mitt hjarte mot det vonde,mot lovlaus gjerning saman med dei som gjer urett!Den utsøkte maten deira vil eg ikkje smaka.