Sakarja 12:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein bodskap, Herrens ord om Israel. Herren, som spente ut himmelen, grunnla jorda og skapte ånda i mennesket, seier:

2. Sjå, eg gjer Jerusalem til eit giftbeger for alle folka rundt omkring. Også Juda blir ramma når Jerusalem blir kringsett.

3. Den dagen gjer eg Jerusalem til ein tung stein å lyfta for alle folk. Alle som prøver å lyfta han, skal riva seg til blods. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot henne.

Sakarja 12