12. Herrens engel svara: «Herre over hærskarane, kor lenge vil det vara før du viser miskunn mot Jerusalem og byane i Juda, som du har vore harm på i desse sytti åra?»
13. Og Herren svara engelen som tala med meg, med gode og trøystande ord.
14. Så sa engelen som tala med meg: Rop ut:Så seier Herren over hærskarane:Eg er full av lidenskapfor Jerusalem og Sion,
15. stor er harmen minmot dei sjølvgode folkeslaga.For eg var berre litt harm,men dei hjelpte ulukka fram.
16. Difor seier Herren:Eg vender attende til Jerusalem med miskunn.Der skal huset mitt byggjast,seier Herren over hærskarane,og målesnor strekkjast ut over Jerusalem.
17. Rop ut endå ein gong:Så seier Herren over hærskarane:Endå ein gong skal byane minefløyma over av det som godt er.Endå ein gong skal Herren trøysta Sion,velja ut Jerusalem endå ein gong.