1. Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus.
2. For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort deg fri frå lova til synda og døden.
3. Det som var umogleg for lova, sidan ho stod maktlaus fordi vi er av kjøt og blod, det gjorde Gud. Han sende sin eigen Son som syndoffer, i same slag kjøt og blod som syndige menneske har, og heldt dom over synda i oss.
4. Slik skulle det som lova krev, bli oppfylt i oss som ikkje lever slik kjøtet vil, men slik Anden vil.
5. Dei som lever slik kjøtet vil, traktar etter det som høyrer menneske til, men dei som lever slik Anden vil, traktar etter det som høyrer Anden til.
6. For det kjøtet vil, er død, men det Anden vil, er liv og fred.
7. Difor er det som kjøtet vil, fiendskap mot Gud, for det bøyer seg ikkje under Guds lov og kan det ikkje heller.