Romarane 12:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. og den som trøystar, skal verkeleg trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte, den som er sett til å leia, skal gjera det med iver, den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.

9. Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode!

10. Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve!

11. Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren!

12. Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna.

13. Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie.

14. Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje.

15. Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt.

16. Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke!

17. Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske.

18. Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg.

Romarane 12