Romarane 10:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Mine sysken, eg ønskjer av hjartet og bed til Gud at dei må bli frelste.

2. For eg må gje dei dette vitnemålet: Dei brenn for Guds sak, men utan verkeleg å kjenna han.

3. Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygd seg inn under rettferda frå Gud.

4. For Kristus er endepunktet for lova, så kvar den som trur, skal bli rettferdig.

5. Moses skriv om den rettferda som lova gjev: Det mennesket som lever etter boda, skal ha liv ved dei.

Romarane 10