4. og stadfest ved heilagdoms Ande som Guds mektige Son ved oppstoda frå dei døde.
5. Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn.
6. Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til.
7. Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!