Ordtaka 7:24-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Så høyr no på meg, søner,lytt til orda frå min munn!

25. Lat ikkje hjartet venda seg til hennar vegar,villa deg ikkje inn på stigane hennar!

26. For ho har gjeve banesår til mange,talrike er dei ho har felt.

27. Huset hennar er vegen til dødsriket,ned til dødens salar.

Ordtaka 7