1. Pris deg ikkje lukkeleg over morgondagen,for du veit ikkje kva han ber i sitt fang.
2. Ein annan skal prisa deg lukkeleg, ikkje din eigen munn,ein framand, ikkje dine eigne lepper.
3. Steinen er tung, og sand veg mykje,men ein dum som er sint, er tyngre enn begge.
4. Harmen er grufull, vreiden er ein flaum,men kven kan stå seg mot sjalusi?
5. Betre er open kritikk enn skjult sympati.
6. Sår frå ein ven er til å lita på,men fiendens kyss er svikefulle.