12. Spottaren mislikar å bli vist til rette,han går ikkje til dei vise.
13. Glede i hjartet gjer andletet venleg,sorg i hjartet gjer motlaus.
14. Eit klokt hjarte søkjer kunnskap,men dårens munn lever av dårskap.
15. For ein fattig er alle dagar vonde,den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.
16. Betre å ha lite og frykta Herrenenn å ha stor rikdom med uro attåt.
17. Betre er ein grønsakrett med kjærleikenn oksesteik med hat attåt.
18. Den som er sint, valdar trette,den som er sein til vreide, får striden til å stilna.
19. For den late er vegen som klungerkratt,for dei rettskafne er stigen ein rydda veg.
20. Ein klok son er til glede for far sin,ein tåpeleg mann foraktar mor si.
21. Den vitlause har glede av dårskap,den forstandige held rett kurs.
22. Utan rådlegging mislukkast planane,når mange gjev råd, skal dei lukkast.
23. Glad blir den som kan gje svar.Kor godt med eit ord i rette tid!
24. For den forstandige fører livsvegen oppover,slik slepp han unna dødsriket der nede.
25. Herren riv huset ned for dei hovmodige,men for enkjer lèt han grensesteinen stå.
26. Herren avskyr tankane til den vonde,men venlege ord er reine.
27. Den som jaktar på vinning, set huset over styr,den som nektar å la seg kjøpa, skal leva.
28. Den rettferdige tenkjer før han talar,men vondskap strøymer frå munnen på urettferdige.
29. Herren er langt borte frå dei urettferdige,men han høyrer bøna frå dei rettferdige.
30. Strålande auge gleder hjartet,god bodskap gjev merg i bein.
31. Den som høyrer på rettleiing om livet,får plass blant dei vise.