5. Vi er av same kjøt og blod som brørne våre, våre born er som deira born. Likevel må vi tvinga sønene og døtrene våre til slaveri. Ja, nokre av døtrene våre er alt slavar. Men vi er maktlause, for åkrane og vinmarkene våre høyrer andre til.»
6. Då eg høyrde klageropa og det dei fortalde, vart eg svært sint.
7. Men hjartet mitt gav meg råd, og eg refsa dei fremste og stormennene og sa til dei: «Krev de inn noko de har lånt ut til dykkar eigne brør?» Så kalla eg inn til eit folkemøte om dette.
8. Eg sa til dei: «Vi har, så langt vi kunne, kjøpt ut brørne våre, judearane, som var selde til andre folk. Men de sel dykkar eigne brør, så vi må kjøpa dei fri att.» Dei vart stumme og fann ikkje ord.