Nehemja 13:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Denne dagen vart det lese opp frå Moseboka for øyra til folket. Der stod det skrive at ingen ammonitt eller moabitt nokon gong måtte koma inn i Guds forsamling.

2. For dei møtte ikkje israelittane med brød og vatn, og dei leigde Bileam til å forbanna dei; men vår Gud vende forbanninga om til velsigning.

3. Då dei no høyrde det som stod i lova, skilde dei alle av blanda opphav ut frå Israel.

Nehemja 13