Mika 1:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. For skaden hennar kan ikkje lækjast.No står Juda for tur.Det har nådd til mitt folks port,til Jerusalem.

10. Kunngjer det ikkje i Gat!Ikkje gråt og klag!Velt deg i støvet i Bet-Leafra!

11. Dra bort naken og med vanære,du som bur i Sjafir!Ho som bur i Saanan,kjem ikkje ut.I Bet-Ha'esel held dei klage,der får de ikkje støtte.

12. Ho som bur i Marot,ventar på lukke,men ulukke frå Herrenkjem ned ved Jerusalems port.

13. Spenn hestane for vogna,du som bur i Lakisj!Der var opphavettil synd for dotter Sion,for hos deg er Israels opprør å finna.

14. Difor må du gje skilsmissegåve til Moresjet-Gat.Som ein uttørka bekker husa i Aksib for Israels kongar.

15. Endå ein gong sender eg ein for å hærta deg,du som bur i Maresja.Til Adullam kjem Israels pryd.

16. Klipp deg og rak deg snaufor borna du hadde kjær!Klipp deg snau som ein gribb,for dei er førte bort frå deg.

Mika 1