43. De har høyrt det er sagt: ‘Du skal elska nesten din og hata fienden din.’
44. Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, {{velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk,}} og be for dei som {{mishandlar dykk og}} forfølgjer dykk.
45. Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige.
46. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same?