4. Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»
5. Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren
6. og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om deg.Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
7. Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»