1. Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava.
2. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han.
3. Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.
4. Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde.