Matteus 26:23-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg.

24. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»

25. Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.

26. Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.»

27. Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det!

28. Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne.

29. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»

30. Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

31. Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg. For det står skrive: Eg skal slå gjetaren, og sauene skal spreiast.

32. Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»

33. Peter tok til orde og sa: «Om så alle vender seg bort frå deg, skal eg aldri gjera det.»

34. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.»

35. Men Peter sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa alle dei andre læresveinane.

36. Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.»

37. Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru.

38. Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!»

39. Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»

40. Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time?

41. Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»

Matteus 26