Matteus 24:24-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera store teikn og under, så endå dei utvalde kan førast vill, om det er råd.

25. Merk dykk at eg har sagt det på førehand!

26. Seier dei då til dykk: ‘Han er ute i øydemarka’, så gå ikkje dit, eller: ‘Han er i eit rom der inne’, så tru det ikkje.

27. Som når lynet går ut frå aust og lyser like til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.

Matteus 24