Matteus 24:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så gjekk Jesus bort frå tempelet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane.

2. Men han sa: «Ja, ser de alt dette? Sanneleg, eg seier dykk: Her skal ikkje liggja att stein på stein, alt skal rivast ned.»

3. Då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, kom dei til han og spurde: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og enden på verda?»

4. Jesus tok til orde og sa: «Ta dykk i akt så ingen fører dykk vill!

5. For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Eg er Messias.’ Og dei skal føra mange på villspor.

Matteus 24