Matteus 13:12-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. For den som har, skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal mista sjølv det han har.

13. Difor talar eg til dei i likningar, fordi dei ser, men ser ikkje; dei høyrer, men høyrer ikkje og skjønar ikkje.

14. På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja: De skal høyra og høyra, men ikkje forstå, sjå og sjå, men ikkje skilja!

15. For hjartet til dette folket har vorte feitt; tungt høyrer dei med øyra, og auga har dei late att, så dei ikkje kan sjå med auga eller høyra med øyra eller skjøna med hjartet og venda om, så eg får lækja dei.

16. Men sæle er auga dykkar, for dei ser, og øyra dykkar, for dei høyrer.

17. Sanneleg, eg seier dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.

18. Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast:

19. Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sådd i hjartet. Dette er det som vart sådd attmed vegen.

20. Det som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede.

21. Men han har inga rot og held ut berre ei stund. Når han møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell han straks ifrå.

22. Det som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet, men uro for dette livet og den svikefulle rikdomen kveler ordet, så det ikkje gjev grøde.

23. Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre, seksti, tretti gonger det som er sådd.»

24. Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin.

25. Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg.

26. Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne.

27. Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’

28. ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei.

29. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten.

30. Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»

31. Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin.

Matteus 13