6. Då sa Jesus: «Jesaja profeterte rett om dykk, hyklarar, slik det står skrive: Dette folket ærar meg med leppene, men hjartet er langt borte frå meg.
7. Fåfengt dyrkar dei meg, for det dei lærer, er menneskebod.
8. De har forlate Guds bod, men held fast på overleveringa frå menneske.»
9. Og han sa til dei: «Ja, de fer fint fram! De set Guds bod ut av kraft så dykkar eiga overlevering kan gjelda!
10. Moses har sagt: ‘Æra far din og mor di’, og: ‘Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy’.
11. Men de godkjenner likevel at nokon seier til far sin eller mor si: ‘Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ein korban’ – det er ei gåve til tempelet.
12. Då lèt de han ikkje få gjera noko for far eller mor.