34. Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred. Ver frisk og kvitt plaga di.»
35. Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Kvifor bryr du meisteren lenger?»
36. Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!»
37. Han lét ingen andre følgja med seg enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob.
38. Då dei kom heim til synagogeforstandaren og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg,