Markus 3:20-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Med det same han kom heim, strøymde folk på nytt saman, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta.

21. Då hans eigne fekk høyra det, fór dei av stad for å ta hand om han. «Han må vera reint ifrå seg», sa dei.

22. Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»

23. Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan?

24. Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan det riket ikkje bli ståande,

25. og kjem eit hus i strid med seg sjølv, kan det huset ikkje bli ståande.

26. Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg. Det er ute med han.

27. Men ingen kan gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke. Då kan han plyndra huset hans.

28. Sanneleg, eg seier dykk: Alt skal menneska få tilgjeving for, både synder og spott, kor mykje dei enn spottar.

29. Men den som spottar Den heilage ande, får i all æve ikkje tilgjeving, men er skuldig i evig synd.»

30. Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.»

31. Då kom Jesu mor og syskena hans. Dei vart ståande utanfor, men sende bod inn og bad han koma ut.

Markus 3