9. {{Då Jesus hadde stått opp att, tidleg den første dagen i veka, synte han seg først for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut av.
10. Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no sørgde og gret.
11. Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje.
12. Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei medan dei var på veg ut på landet.