Markus 14:8-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Ho gjorde det ho kunne. Ho har på førehand salva kroppen min til gravferda.

9. Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»

10. Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til overprestane og baud seg til å gje Jesus over til dei.

11. Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gje han pengar. Og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.

12. Den første dagen i høgtida med usyra brød, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella i stand så du kan halda påskemåltid?»

13. Då sende han to av læresveinane sine i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja,

14. og der han går inn, skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?’

15. Då viser han dykk eit stort rom ovanpå, gjort i stand med teppe og puter. Der skal de stella til for oss.»

16. Så gjekk læresveinane av stad. Dei kom inn i byen og fann det slik som han hadde sagt. Og dei gjorde i stand påskemåltidet.

17. Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.

Markus 14