Markus 14:70-72 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

70. Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Jo visst er du ein av dei! Du er då galilear.»

71. Men han sette i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen de snakkar om.»

72. Straks gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.

Markus 14