16. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.
17. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»
18. Ein som var medlem av Rådet, kom og spurde han: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»
19. Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud!
20. Boda kjenner du: Du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal æra far din og mor di.»
21. Han svara: «Alt dette har eg halde frå eg var ung.»