Lukas 16:13-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Ein slave kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre eller halda seg til den eine og forakta den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.»

14. Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus.

15. Då sa han til dei:«De vil gjerne vera rettferdige i menneskeauge, men Gud kjenner hjarta dykkar. Det som menneske set høgt, er ein styggedom i Guds auge.

16. Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid er den gode bodskapen om Guds rike forkynt, og alle trengjer på for å koma inn.

17. Før skal himmel og jord forgå, før ein einaste prikk i lova fell bort.

18. Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.

19. Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og prakt dag etter dag.

20. Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utanfor porten hans, full av verkjesår.

21. Han ønskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet til rikmannen. Hundane kom endåtil og slikka såra hans.

22. Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd.

23. Då han slo opp auga i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil han.

Lukas 16