Lukas 11:47-51 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

47. Ve dykk! De byggjer gravminne over profetane, dei som fedrane dykkar slo i hel.

48. Slik er de vitne om det fedrane dykkar gjorde, og samtykkjer i det. For dei slo profetane i hel, og de byggjer gravminne.

49. Difor har òg Guds visdom sagt: Eg vil senda profetar og apostlar til dei; somme skal dei slå i hel, andre skal dei forfølgja.

50. Difor skal denne slekta få svara for blodet frå alle profetane, det som har runne frå verda vart grunnlagd,

51. frå drapet på Abel til drapet på Sakarja, han som vart drepen mellom altaret og tempelet. Ja, seier eg dykk, denne slekta skal svara for det.

Lukas 11