6. Skulda til folket, mi dotter,er større enn synda i Sodoma,som brått vart øydelagdutan at nokon hadde rørt henne.Zajin ז
7. Dei innvigde i folket mitt var reinare enn snø,meir skinande enn mjølk.Kroppen deira var raudare enn korallar,lemene var av safir.Het ח
8. Dei har vorte svartare enn sot,ein kjenner dei ikkje att på gata.Huda strammar seg om knoklane,ho har vorte tørr som ved.Tet ט
9. Betre var det å falla for sverdenn å falla for svolt,tærast bort og drepastav åkrar utan grøde.Jod י
10. Kjærlege kvinnerkoker borna sine,dei har vorte maten deira.Folket, mi dotter, er knust.Kaf כ
11. Herren har aust av sin harme,tømt ut sin brennande vreide.Han har sett fyr på Sion,grunnvollane øydest i eld.Lamed ל
12. Ingen konge på jorda,ingen i heile verda truddeat ein motstandar eller fiendekunne koma inn gjennom Jerusalems portar.Mem מ