Josva 13:13-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Men israelittane tok ikkje landet frå gesjurittane og maakatittane. Dei bur midt i Israel den dag i dag.

14. Det var berre stammen til Levi Moses ikkje gav nokon eigedom. Gåveoffera til Herren, Israels Gud, er deira eigedom, slik som han hadde sagt dei.

15. Moses gav land til Ruben-stammen, slekt for slekt.

16. Dei fekk området frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, og byen midt i dalen, heile høgsletta til Medeba,

17. Hesjbon med alle byane på sletta: Dibon, Bamot-Baal, Bet-Baal-Meon,

18. Jahsa, Kedemot, Mefaat,

19. Kirjatajim, Sibma, Seret-Hasjahar på høgda i dalen,

20. Bet-Peor, Pisga-liene og Bet-Jesjimot,

21. og alle dei andre byane på høgsletta, heile det riket som høyrde til amorittkongen Sihon, han som styrte i Hesjbon. Moses hadde slege han og midjanittfyrstane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba, vasallfyrstar under Sihon, som hadde sete i landet.

22. Israelittane drap òg spåmannen Bileam, son til Beor, med sverd, saman med alle dei andre.

23. Jordan var grensa for området til rubenittane. Dette var eigedomen til rubenittane, slekt for slekt, med byar og landsbyar.

Josva 13