10. Då vart sjømennene gripne av stor redsle. Dei sa til han: «Kva er det du har gjort!» For dei visste at han hadde rømt bort frå Herren. Det hadde han fortalt dei.
11. «Kva skal vi gjera med deg», sa dei, «så havet kan falla til ro omkring oss?» For stormen på havet vart sterkare og sterkare.
12. Han svara: «Lyft meg opp og kast meg i havet, så skal det halda opp med å rasa! For eg veit at det er mi skuld at den sterke stormen har råka dykk.»