40. Somme i folkemengda sa då dei høyrde orda hans: «Dette må sanneleg vera profeten.»
41. Andre sa: «Nei, det er Messias.» Då sa nokre: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilea?
42. Seier ikkje Skrifta at Messias skal vera av Davids ætt og koma frå Betlehem, heimbyen til David?»
43. Slik splitta folket seg i flokkar for hans skuld.
44. Somme av dei ville gripa han, men ingen la hand på han.
45. Då vaktene kom att, sa overprestane og farisearane til dei: «Kvifor tok de han ikkje med dykk?»
46. Dei svara: «Aldri har noko menneske tala som han.»
47. «Har de òg late dykk føra vill?» sa farisearane.