Johannes 5:30-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Eg kan ikkje gjera noko av meg sjølv. Eg dømmer etter det eg høyrer, og dommen min er rettferdig. For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg.

31. Dersom eg vitnar om meg sjølv, er vitneutsegna mi ikkje gyldig.

32. Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at den vitneutsegna han gjev meg, er sann.

33. De sende bod til Johannes, og han har vitna for sanninga.

34. Eg treng ikkje vitneutsegner frå menneske, men eg seier dette så de skal bli frelste.

35. Johannes var ei lampe som brann og lyste, og ei lita stund ville de gleda dykk i lyset hans.

36. Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg.

Johannes 5