12. Etter dette ville Pilatus gje han fri. Men jødane ropa: «Gjev du denne mannen fri, er du ikkje ven med keisaren. Den som gjer seg sjølv til konge, set seg opp mot keisaren.»
13. Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut av borga og sette seg i dommarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata.
14. Det var helgaftan før påske, omkring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: «Sjå kongen dykkar!»
15. Men dei ropa: «Bort med han, bort med han! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» spurde Pilatus. «Vi har ingen annan konge enn keisaren», svara overprestane.
16. Då gav han Jesus over til dei så han skulle krossfestast.Så tok dei Jesus med seg.
17. Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata.
18. Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt mellom dei.
19. Pilatus hadde laga ei innskrift og sett på krossen. Der stod det skrive:«Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.»
20. Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk.
21. Overprestane til jødane sa då til Pilatus: «Skriv ikkje: ‘Kongen over jødane’, men skriv: ‘Han sa: Eg er kongen over jødane’.»
22. Pilatus svara: «Det eg skreiv, det skreiv eg.»
23. Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og delte dei på fire, ein del til kvar soldat. Dei tok òg kjortelen, som var utan saumar, voven i eitt stykke ovanfrå og ned.
24. Då sa dei til kvarandre: «Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han.» Slik skulle {{dette ordet i}} Skrifta oppfyllast: Dei delte kleda mine mellom seg og kasta lodd om kappa.Dette gjorde soldatane.