23. Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn.
24. Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Be, så skal de få, slik at gleda dykkar kan vera fullkomen.
25. Dette har eg sagt dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje lenger skal tala til dykk i likningar, men ope og rett fram fortelja dykk om Far.
26. Den dagen skal de be i mitt namn; eg seier ikkje at eg skal spørja Far for dykk då.
27. For Far sjølv elskar dykk fordi de har elska meg og trudd at eg har gått ut frå Gud.