Johannes 14:7-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

8. Filip seier til han: «Herre, syn oss Far, det er nok for oss.»

9. Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Far. Korleis kan du då seia: ‘Syn oss Far’?

10. Trur du ikkje at eg er i Far og Far i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Far som er i meg og gjer sine gjerningar.

11. Tru meg: Eg er i Far og Far i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld.

12. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur på meg, skal gjera dei gjerningane som eg gjer, ja, større gjerningar enn dei, for eg går til Far.

13. Og det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal bli herleggjord gjennom Sonen.

Johannes 14